om Haugaland Pride

Haugaland Pride har som mål å vera ein folkefest for heile Haugalendet, der me feirer mangfald, likskap og rettferd. Haugaland Pride arrangerer parade i Haugesund sentrum og ulike kulturarrangement, og samarbeider med utelivet i Haugesund om arrangement retta mot eit skeivt publikum.

Haugaland Pride blir drive utan overskott, og ingen får løn eller honorar for jobben dei gjer. Me treng alltid fleire frivillige. Bli med du også!